Om du er nysgjerrig på 17000 år gamle hòlemaleri og på om dei kan ha ein relevans i moderne dikting, om du er frankofil, om du er opptatt av eksistensielle spørsmål knytt til liv og død, språk, kunst og kjærleik, rørlse og stillstand, om du tenkjer det kan vere moro å lese dikt knytt til klassisk ballett, om du lurar på om det let seg gjere å skrive ei kjærleikshistorie i diktform - ja, då kan det hende dette er boka for deg. I alle høve hadde eg stor glede av å skrive om desse tinga. Og eg tykkjer at det med hjelp frå forlaget med redaktør Jan I. Sørensen i spissen og illustratør Beata Bitkowska, har vorte ei nydeleg lita boka.
kr279.00
Prisen inkluderer frakt.